IUA – NORDFJORD
BEREDSKAP MOT AKUTT FORUREINING
Akutt forureining blir definert som “forureining av betydning som inntrer plutseleg og som ikkje er tillatt”. Kva som er forureining følgjer av forureiningslova § 6. Krav til beredskap mot akutt forureining er gitt i forureiningslova kapittel 6.
Ved akutt forureining skal næraste 110-sentral varslast.
Den som driv verksemd der akutt forureining kan oppstå pliktar å ha ein beredskap for å bekjempe utslepp. Forureinar er alltid ansvareleg for å rydde opp og iverksette tiltak for å stogge, fjerne eller avgrense forureininga. Den ansvarlige pliktar også å treffe tiltak for å avbøte skadar og ulemper som følgje av forureininga eller av tiltaka for å motvirke den.
Forureinar er ansvarlig for hendinga. Ansvaret kviler på forureinar sjølv om kommunen (IUA) eller staten (Kystverket) aksjonerar mot akutt forureining, då alle tiltak som blir iverksette blir gjort på vegne av ansvarleg forureinar.
For meir informasjon sjå:
MEDLEMSKOMMUNAR
MEDLEMSKOMMUNAR
Forskrift om kommunal beredskap mot akutt forureining stiller krav om at alle kommunar i Norge skal samarbeide om beredskapen mot akutt forureining. Totalt er alle kommunar delt inn i 32 beredskapsregionar, såkalla interkommunale utval mot akutt forureining (IUA).
IUA-region Nordfjord er samansett av 5 kommuner: Kinn (Vågsøy), Stad, Bremanger, Stryn og Gloppen.
IUA Nordfjord er i dag organisert som eit interkommunalt samarbeid, der administrasjonskommune er Kinn kommune.
Fakta om IUA Nordfjord
• Beredskap mot akutt forureining i Nordfjord-regionen.
• Område: Frå ytst i havgapet i vest til inst i fjordane i aust.
• Vertskommune: Kinn kommune.
• Operativ leiing: Kinn Brann og Redning.
Vi har strategisk plasserte ressursar for å sikre rask respons ved hendingar på sjø, veg og i industri:
• Måløy (hovudlager): Komplett utstyr for sjø, veg og industri, inkludert spesialisert kjemikalievern.
• Nordfjordeid: Utstyrt for hendingar på sjø, veg og i industri.
• Kalvåg: Sjøbasert beredskap for kystnære hendingar.
• Stryn: Utstyr for innsats på sjø, veg og industri.
• Sandane: Ressursar for lokal beredskap og innsats.

